Barnehage og skule - koronatiltak - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Barnehage og skule - koronatiltak

Les om tilrådingar og reglar for trinn tre i gjenopninga her.

Tilrådingar gjeld frå 18. juni, reglar frå 20. juni kl. 12.00.

Smittevern i barnehagar

Alle barnehagar i Øygarden kommune følgjer nasjonal smittevernrettleiar og lager rutiner tilpassa eigen barnehage. Rettleiaren Veilederen har ein trafikklysmodell med grønt, gult og rødt nivå som viser kva smitteverntiltak barnehagane skal følgje. 

Barnehagar og skular i Øygarden kommune er på gult nivå i samsvar med trafikklysmodellen. Dette gjeld til 1. august.

Smittevernveileder for barnehager

Informasjon til barn og foreldre

Informasjon til foreldre om barnehagekvardagen

Informasjon til barnehagen om koronasituasjonen

Oppdatert informasjon frå utdanningsdirektoratet

Smittevern i skulane

Alle skulane i Øygarden kommune følgjer nasjonal smittevernrettleiar. Rettleiaren har ein trafikklysmodell med grønt, gult og rødt nivå som viser kva smitteverntiltak skulane skal følgje. 

Informasjon til barn og foreldre

Informasjon til foreldre om skulekvardagen

Informasjon til skolen om koronasituasjonen

Oppdatert informasjon frå utdanningsdirektoratet

Råd om når du må vera heime ved sjukdom

Mange foreldre er usikre på korleis dei skal vurdere om barn med luftvegssymptom treng å vera heime. Folkehelseinstituttet har laga eit flytskjema for å hjelpa føresette med denne vurderinga.

Flytskjema og råd om når barn må vera heme

Skuleskyss

Skuleskyssen går som normalt for dei barna som har rett på skuleskyss. På nettsida til Skyss.no finn du informasjon om smitteverntiltak for skuleskyssen.

Eksamen

  • Regjeringa har 08.02. avgjort at alle skriftlege eksamenar vert avlyst for elevar i ungdomsskulen og vidaregående opplæring. Munnleg eksamen vert avlyst for elevane på vg1 og vg2, men vert gjennomført for avgangselevane på 10. trinn og vg3. Les meir her.
  • Rettleiar om smittevern for privatisteksamen
Kontakt oss for koronatest


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Tast 1 for bestilling av koronatest, 
spørsmål om karantene eller
isolasjon og anna.
NB! Periodevis er det stor pågang,
og det kan oppstå ventetid.

Telefontid måndag til sundag
08.00 til 11.30
12.00 til 15.00
For å unngå kø, ring gjerne etter kl 09.00.


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Legevakt
Telefon 116 117