Vidarefører smitteverntiltak på institusjonane
Frå 12. februar er dei fleste nasjonale smitteverntiltak fjerna. Det er likevel framleis ei tilråding om å bruka munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta.
Ill.fot.
Øygarden kommune oppmodar sterkt om at det vert brukt munnbind ved besøk på institusjonane.
- Framleis er det forsterka smitteverntiltak på institusjonane, seier smittevernlege Bjørg Møllerløkken.
Framleis høge smittetal
I sist veke (06) var det påvist smitte hjå 1 382 personar (PCR). Dette er det høgste registrerte smittetal pr. veke sidan mars 2020. I tillegg kjem 584 personar som har testa positivt på sjølvtest, men ikkje treng stadfesting med PCR.
Les meir statistikk her.
Publisert 14.02.2022 10.12