Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Vedtok forskrift om smittevern på byggjeplassar

Formannskapet vedtok torsdag kveld (11. februar) samrøystes forskrift om smittevern på byggjeplassar. Målet er å unngå ukontrollert spreiing av mutert koronavirus i samfunnet som følgje av utbrot til byggjeplassar.

 Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto

Forskrifta trer i kraft frå og med 12. februar og gjeld til og med 28. februar. Den kommunale kriseleiinga (KKL) får fullmakt til å endra/redusera kor lenge forskrifta skal gjelda.

Forskrifta har også som mål å hindra smittestreiing mellom kommunar som har påvist virus og kommunar som ikkje har det, ved å redusera mobiliteten av arbeidarar. Det er også eit mål om gje auka fokus å smitteverntiltaka i bransjen.

Les forskrifta her. (PDF, 21 kB)

I forskrifta er det definert kva som skal reknast som byggjeplass. I forskrifta er ein byggjeplass definert som ein stad med aktivitetar med meir enn fem arbeidarar (inklusive lærlingar) til stades samstundes, uavhengig av kva for bedrift eller verksemd dei representerer. I Bergen er det vedteke forskrift der grensa er tre arbeidarar.

I forskrifta som gjeld for Øygarden er følgjande aktivitetar er lista opp for byggjeplass:

  1. oppføring av bygningar
  2. innreiings-, utsmykkings- og installasjonsarbeid
  3. montering og demontering av prefabrikkerte element
  4. riving, demontering, ombygging og istandsetjng
  5. sanering og vedlikehaldsarbeid
  6. alminneleg anleggsverksemd
  7. graving, sprenging og anna grunnarbeid
  8. anna arbeid som blir utført i tilknytning til bygge- eller anleggsarbeid.

Det er lagt til grunn at byggjeplassar skal sikra etterleving av bransjestandarden om smittevern til Byggenæringens landsforening (BNL).

Her er utdrag frå forskrifta:

  • Det skal vere lett tilgjengeleg munnbind og handsprit på byggeplassen.
  • Arbeidarar skal sikra at det er minst 2 meter avstand til andre personar på byggeplassen. Når det er fare for at avstandskravet ikkje kan bli følgt, skal munnbind brukast.
  • Arbeidsgivar er ansvarleg for at arbeidarar som får luftvegssymptom straks forlét arbeidsplassen. Hender skal spritast og munnbind tas på før heimreise. Arbeidstakaren blir oppfordra om straks å la seg covid-19-teste med PCR-test.
  • Spesifikasjon til krav til pauserom, garderobar og sanitære forhold.
  • Spesifikasjon om kven som kan vera til stades på byggjeplassen og kven som skal vera til stades på byggjeplassen.
  • Bransjen skal samarbeida med smittevernansvarleg i Øygarden kommune om testing av arbeidarar på byggeplassar.

Forskrifta trer i kraft 12. februar 2021 og gjeld til og med 28. februar 2021.

Informerte om forsterka smitteverntiltak  

Ordførar Tom Georg Indrevik orienterte formannskapet om tilråding i den kommunale kriseleiinga (KKL) torsdag ettermiddag (11. februar) forsterka smitteverntiltak gjeldande frå og med 15 februar.

KKL tilrår å endra dei forsterka smitteverntiltaka i kommunen frå kapittel 5b til kapittel 5d i forskrift om smitteverntiltak m.v. ved koronautbrotet. Endringane inneber ei mindre oppmjuking på nokre område.

Dersom regjeringa avgjer at Øygarden skal endra dei forsterka smitteverntiltaka frå kapittel 5b til kapittel 5d inneber det mellom anna at treningssenter kan halda ope, men avgrensa til dei som er busett i kommunen.

Dei andre kommunane i bergensområdet gjev også sine råd til Statsforvaltaren før regjeringa venteleg er på fredag avgjer kva smittevernråd som skal gjelda i kommunane.

Her er forskrifta, kapittel 5d  (forsterka smitteverntiltak)


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland