Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Vaksinerte 178 helsearbeidarar i Sotra Arena

I dag (26. februar) vart 178 helsearbeidarar i Øygarden vaksinerte for koronaviruset i Sotra Arena.

- Eg er litt spent på om eg får biverknader og ubehag i helga, seier Katrine Risløw som var ein av helsearbeidarane fekk den første vaksinedosen i hallen i dag.

Her får Katrine Risløw vaksinedosen.  Vaksinatør er anestesisjukepleiar Bent Robert Sørensen. - Klikk for stort bileteHer får Katrine Risløw vaksinedosen. Vaksinatør er anestesisjukepleiar Bent Robert Sørensen. 

Sotra Arena er hovudarena for vaksinering når det er snakk om mengdevaksinering. I denne hallen er det mogleg å vaksinera 1 200 personar i løpet av ein dag (10 timar). Mellom seks og åtte tusen vaksinar kan setjast i løpet av ei veke.

- Det var berre eit lite stikk, og det gjorde ikkje vondt. Det eg er mest spent på er korleis forma vert i helga, seier Katrine Risløw. Etter at ho hadde gjennomført 25 minutt i den obligatoriske ventehallen etter at vaksinedosen var sett, kjende ho seg i god form. Til dagleg arbeider Risløw i flyktningtenesta.

I dag skulle det setjast opp mot 180 AstraZeneca-dosar på helsearbeidararar. Samstundes var dette ein test på korleis det vil fungera når fleire tusen personar skal vaksinerast i hallen i løpet av ei vekes tid. I dag vart det vaksinert om lag 60 personar i timen. Det svarar til halvparten så mange som ved planlagt mengdevaksinering seinare.

- Vi opplever at dette har fungert svært godt. Det må gjerast nokre småjusteringar når det gjeld logistikken. Parkeringskapasiteten var god, seier leiar av den operative arbeidsgruppa for vaksinasjonen, Grethe Bergsvik.

Dei som fekk vaksine i dag, fekk først temperaturtest ved hovudinngangen. Så vart dei tydeleg losa inn i hovudsalen der dei måtte stilla seg i ein av to køar som gjerne varte i 10-15 minutt. Før sjølve vaksineringa var det registrering. Etter at vaksinen vart teken i eit avlukke, måtte dei vaksinerte venta i hallen ved sida av i 20 minutt for eventuelt å få hjelp om det skulle oppstå allergiske reaksjonar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå vaksinasjonen i Sotra Arena i dag:

Edel Landro Tyssøy og vaksinatør Bent Robert Sørensen er klar for å setja vaksinedose på Katrine Risløw - Klikk for stort bilete
Registrering. - Klikk for stort bilete
Ventehallen - Klikk for stort bilete
Kø med god avstand - Klikk for stort bilete