Hovudarena for vaksinasjon i Øygarden er Sotra Arena. Men no vert det også høve til å vaksinera seg på eit apotek på Sartor Storsenter. Vaksineringa på Vitusapotek vert ein del av vaksinasjonstilbodet til kommunen. Dei første dagane vert det mogleg å bestilla time mellom klokka 11.00 og 17.00. Det vert sett av eige areal i apoteket til vaksinasjon og observasjon.
Dagleg leiar på Vitusapotek Sartor Storsenter, George Deeb, seier at det er kapasitet til å vaksinera inntil 90 personar dagleg. Det er aktuelt å utvida opningstida for vaksinasjon. Då kan ein utvida kapasiteten til inntil 150 vaksinedosar dagleg på apoteket.
- Det greiaste er at folk bestiller time på nettet, men det er også mogleg med drop-in-vaksinering, seier Deeb.
George Deeb, som har delteke i det kommunale vaksinasjonsteamet i ni nånader allereie, er glad for apoteket kan bidra med vaksinasjon.
- Apoteka kan bidra med helsefremjande arbeid, og vaksinasjon mot koronaviruset er ein dugnad. Vi ønskjer å vera serviceinnstilt og vi opplever samarbeidet med kommunen som svært positivt, seier George Deeb.
Ver merksam på at det må gå minst 20 veker mellom andre og tredje dose.
Her kan du bestilla time for koronavaksinasjon på Vitusapotek Sartor Storsenter.
Tekst og foto: Vigleik Brekke