Vaksinerer 12- til 15-åringar frå 8. september - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Vaksinerer 12- til 15-åringar frå 8. september

Øygarden kommune startar opp tilbodet om vaksinasjon av 12- til 15-åringar onsdag 8. september. Det vert også vaksinasjon av denne gruppa 14. september. Alle som ønskjer å nytta seg av tilbodet, vert bedne om å registrera seg i vaksinekø for barn.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto 

Vaksinekø for barn

Dei som ønskjer å nytta seg av tilbodet for 12- til 15-åringar, må registrera seg i vaksinekø.

Her er lenkje til vaksinekøen. 

Det er foreldra som tek den endelege avgjerda om vaksinering av barna sine. Unge i alderen 12-15 år er ikkje helserettsleg myndige, men dei skal høyrast i avgjerder om eiga helse.

Ved registrering i vaksinekøen, må ein fylla ut samtykkeskjema. Skjemaet skal fyllast ut av begge foreldra. Dersom det er eín føresett som har foreldrerett, må dei ha med seg dokumentasjon på dette når dei møter til vaksinasjon. På vaksinasjonsdagen må eín av dei føresette følgja den som skal få vaksine.

Ungdom i denne alderen 12- til 15 år som tidlegare har vore koronasjuk, vert førebels ikkje tilrådd å vaksinera seg.

Her kan du lasta ned samtykkeskjemaet. (PDF, 51 kB)

Her er samtykkeskjema på engelsk (consent form in english).

Her er informasjon frå Folkehelseinstituttet om tilbod om vaksinasjon for 12- til 15-åringar.

Vaksinasjonstidspunkt

Følgjande dagar vert det tilbod om vaksinasjon av 12- til 15-åringar. Også 16- og 17-åringar kan vaksinera seg desse dagane (Sotra Arena):

  • Onsdag 8. september kl. 15.00 – 22.00 (Pfizer)
  • Tysdag 14. september kl. 15.00 – 22.00 (Pfizer)

Gruppa 12- til 15-åringar gjeld personar fødde i 2006, 2007 og 2008. Og så dei som er fødde i 2009 og som har fylt 12 år, får tilbod om vaksine.

Resten av denne veka (36) vert det vaksinert slik i Sotra Arena:

  • Tysdag 7. september kl.  09.00-15.00 (Pfizer) 
  • Onsdag 8. september (sjå ovanfor)
  • Torsdag 9. september kl. 09.00-15.00 (Pfizer)
  • Fredag 10. september kl. 09.00-15.00 (Pfizer)

Vaksinasjonen 9. og 10.- september er for alle personar som er 18 år og eldre. Også dei som er mellom 12 og 18 år kan nytta seg av drop-in-vaksinasjon desse dagane.

Dersom barnet nyleg er vaksinert med annan vaksine, er det tilrådd å venta slik at det er minst intervall på sju dagar mellom vaksinane.