Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Vaksinasjon i veke 13 og 14

I veke 13 (påskeveka) får Øygarden kommune 83 hetteglas Pfizer-vaksine. Dette tilsvarar om lag 500 dosar. I veke 14 (første veka etter påske) får Øygarden 171 hetteglas med Pfizer-vaksine. Dette utgjer om lag 1 030 dosar.

Ill. foto, Mostphotos - Klikk for stort bileteIll. foto, Mostphotos 

I veke 13 vert vaksinasjonen av personar i alderen 75 til og med 84 fullført. Den veka vert det også oppstart av vaksinasjon av personar som fyller 65 år i 2021 til og med 74 år. Også personar mellom 18 og til og med 64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorleg sjukdomsforløp vert vaksinerte frå og med veke 13.

I veke 14 og dei kommande vekene held ein fram med vaksinasjon av personar i alderen 65 til og med 74 år og samstundes personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorleg sjukdomsforløp.

Dersom nokon ikkje har fått tilbod om vaksine eller som no har ombestemt seg og ønskjer vaksine i gruppene 75-85 år og 85 +, vert bedne om å ta kontakt med fastlegen sin i Øygarden kommune. Dersom ein ikkje har fastlege i Øygarden kommune , men bur i Øygarden kommune, kan ein kontakta koronatelefonen 56160010 for å få time til vaksinasjon.