7. trinn på Kolltveit skule har allereie avlyst den planlagde leirskulen denne veka.
Smittevernlege Jens Eikås seier at det ikkje er forsvarleg å gjennomføra desse turane til leirskule no.
Øygarden kommune har saman med fleire andre kommunar i bergensområdet innført forsterka smitteverntiltak som i første omgang gjeld til og med 14. februar.
- Det er også ein sterk smitteauke i kommunen vår. I går (7. februar) var det fire smittetilfelle, og så langt i dag er det fem nye personar som har fått påvist koronasmitte. På bakgrunn av dette er det ikkje forsvarleg å gjennomføra leirskule no, seier Eikås.
Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane har forståring for at det er tungt for elevane å få utsett ein leirskule dei har sett fram til over lang tid.
- Ifølgje reglane til Utdanningsdirektoratet må leirskule gjennomførast på eit seinare tidspunkt dersom skular må avlysa leirskule som følgje av koronaviruset. Kommunen skal då tilby leirskule eller annan skuletur med minst tre overnattingar i samanheng på eit seinare tidspunkt i grunnskuleopplæringa, seier kommunalsjefen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke