Tredje vaksinedose for personar med nedsett immunforsvar - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Tredje vaksinedose for personar med nedsett immunforsvar

Regjeringa har i samråd med Folkehelseinstituttet (FHI) avgjort at immunsupprimerte skal få tilbod om vaksinedose tre.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto  

Personar med alvorleg nedsett immunforsvar skal få tilbod om ein tredje mRNA-vaksine mot koronasjukdom. Les meir om kven dette kan vera aktuelt for og grunngjevinga her.

Kven skal få tilbodet?

Dei som vert vurderte for tilbod om ein tredje vaksinedose er pasientar i følgjande grupper:

  • Transplanterte.
  • Alvorleg og moderat medfødt immunsvikt.
  • Ved aktiv behandling mot kreft.
  • Alvorleg nyresvikt og behov for dialyse.
  • Redusert immunforsvar som følgje av HIV-infeksjon.
  • Pågåande vesentleg immunsuppressiv behandling av anna årsak der indikasjon er vurdert av spesialisthelsetenesta. Dette er ei samansett gruppe og krev individuell vurdering.
  • Pasientar som av ansvarleg legespesialist vert rekna å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovanfor.

Vent med å ringja koronatelefonen!

FHI jobbar nå med praktisk informasjon om tilbodet til kommunar og spesialisthelsetenesta. Dette vert klart i løpet av kort tid.

Øygarden kommune kjem tilbake med meir informasjon når dette ligg føre og ber om at innbyggjarar som høyrer til denne gruppa ventar med å ringja vaksinetelefonen til det er avklart korleis kommunen skal handtera dette. Informasjon vert videreformidla på nettsida til kommunen.