Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

To smittetilfelle i Øygarden

Det er påvist koronasmitte hjå to personar i Øygarden.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Dei to personane er utanlandske statsborgarar og har arbeid i Øygarden kommune. Personane er sett i isolasjon. Dei to smittetilfella medfører ikkje karantene for andre personar.

Pr. dato er det framleis totalt 118 innbyggjarar i Øygarden som har fått påvist koronasmitte.