Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

To smittetilfelle i Øygarden fredag

Det er påvist to nye tilfelle av koronasmitte i Øygarden i dag.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Ein av dei smitta er innbyggjar i Øygarden. Totalt er 233 personar frå Øygarden smitta av koronaviruset sidan mars.

Tidlegare i dag gav formannskapet den kommunale kriseleiinga (KKL) fullmakt til å forlengja varigheita til forskrifta som formannskapet vedtok den 6. november i inntil 14 dagar. Noverande forskrift gjeld til og med 23. november. Det vert lagt opp til at Bergen og fleire nabokommunar samlar seg om smitteverntiltaka også utover 23. november. Les meir her.