Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

To nye smitta i Øygarden

To innbyggjarar i Øygarden har i dag fått påvist koronasmitte.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Smitten har oppstått i samband med utanlandsreise.

Seks personar frå Øygarden er i isolasjon på grunn av koronasmitte. Sidan mars har 292 innbyggjarar i Øygarden fått påvist smitte.

Om lag 80 personar har i dag testa seg for koronasmitte.