Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

To nye smitta i Øygarden

Det er påvist koronasmitte hjå to personar i Øygarden. Det eine tilfellet gjeld eit barn i ein barnehage. Det fører til at to avdelingar i barnehagen må i karantene.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 
 

Det er eit barn i Norlandia Svanevågen gårds- og friluftsbarnehage på Rong som er smitta. Assisterande smittevernlege Bjørg Møllerløkken opplyser at totalt 23 barn må ut i karantene. Vaksne i tilknyting til avdelinga må også ut i karantene.

- Foreldra vert varsla i føremiddag og bedne om å henta barna. Vi ber også om at dei barna som må ut i karantene, vert testa, seier Møllerløkken.

Det andre smittetilfellet gjeld ein utanlandsk statsborgar.

Pr. dato er det påvist smitte hjå totalt 124 innbyggjarar i Øygarden.