Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

To nye smitta i Øygarden tysdag

Det er påvist koronasmitte hjå to nye innbyggjarar i Øygarden. Begge smittetilfella er knytt til utanlandsreise.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto 

Pr. dato er 14 personar i Øygarden i isolasjon på grunn av smitte. Sidan mars har 302 innbyggjarar frå kommunen fått påvist koronasmitte.

På måndag tok om lag 130 personar i Øygarden koronatest, medan det i dag vart teke 80 testar.