Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Tilsett på institusjon i Øygarden smitta

Eín av dei tilsette på Sundheimen i Skogsskiftet har fått påvist koronasmitte. Ein konsekvens av dette er at sjukeheimen er stengd for besøk inntil vidare.

Sundheimen - Klikk for stort bileteSundheimen 

Styrar på Sundheimen, Janne Thode, seier at dei pårørande er varsla.

- Bebuarane i den aktuelle avdelinga vert rutinemessig testa for koronavirus. Det same gjeld tilsette som har hatt kontakt med avdelinga. Nærkontaktar til den smitta er sett i karantene, seier Thode.

Ordførar Tom Georg Indrevik er trygg på at leiinga på sjukeheimen følgjer opp dette på beste måte.

- Det er gode rutinar for slike situasjonar. Vi vil koma tilbake med meir informasjon når resultata av testane ligg føre, seier ordføraren.

Tekst og foto: Vigleik Brekke