Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Tilsett på institusjon i Øygarden smitta av koronaviruset

Eín tilsett på Øygarden lokalmedisinske senter på Straume er smitta av koronaviruset. Dette inneber karantene for tilsette og pasientar.

Øygarden lokalmedisinske senter - Klikk for stort bileteØygarden lokalmedisinske senter 

Fire pasientar og seks tilsette er i karantene. Det er teke test av pasientar og tilsette som har vore nærkontakt den tilsette. Testane så langt på pasientar og tilsette er negative.  

Dei næraste pårørande er informert. Det lokalmedisinske senteret er stengt for besøk inntil situasjonen er meir avklart. Smittevernlege Jens Eikås seier at institusjonen er truleg stengt dei første dagane i veka som kjem.

Smittestatus 12. februar

I dag fredag er det ikkje meldt om nye smittetilfelle i Øygarden. 21 personar er i isolason på grunn av smitte.

Sidan mars 2020 har 336 innbyggjarar i Øygarden fått påvist koronasmitte. Det er så langt ikkje påvist smitte av mutert virus i Øygarden.

139 personar har teke koronatest i dag. Frå måndag til fredag har totalt 803 personar teke test.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland