Tilbyr koronavaksine til 16- og 17-åringar - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Tilbyr koronavaksine til 16- og 17-åringar

Regjeringa har etter tilråding frå Folkehelseinstituttet avgjort at 16- og 17-åringar skal få tilbod om koronavaksine.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie - Klikk for stort bileteHelse- og omsorgsminister Bent Høie Borgos Foto   

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at årskull 2004 og 2005 får tilbod om koronavaksine. Regjeringa har følgd denne tilrådinga og vil inkludera desse årskulla i koronavaksinasjonsprogrammet.

- Vaksine vil verna den enkelte, gje ungdomar ein meir normal kvardag og bidra til immunitet i befolkninga. Vaksinasjon av denne aldersgruppa kan også bidra til mindre smittepress i samfunnet og dermed mindre smitte blant yngre barn, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

16- og 17-åringar vil få tilbod om vaksine etter at befolkninga over 18 år er fullvaksinert.

Les heile pressemeldinga her.