Tilbyr drop-in vaksinering tysdag og onsdag - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Tilbyr drop-in vaksinering tysdag og onsdag

Tysdag 24. august og onsdag 25. august er det mogleg å nytta seg av drop-in-vaksinering i Sotra Arena.

Ill. Mostphotos - Klikk for stort bileteIll. Mostphotos  

Øygarden kommune får vesentleg fleire vaksinedosar denne og neste veke. Difor vert det ekstratilbod om drop-in-vaksinering i to dagar denne veka (34) i tillegg til vanleg timebestilling.

Det er to grupper som kan nytta drop-in-vaksinasjon. Det er:

  • dei som er uvaksinerte.
  • dei som har teke den første vaksinedosen og at det har gått minst 28 dagar mellom første og andre dose.

Opningstid for drop-in-vaksinasjon tysdag og onsdag denne veka er kl. 09.00 – 15.00. Møt opp innan klokka 14.30. Vaksinetype er Moderna.

Denne veka er det elles vaksinasjon for timebestilling tysdag 24. august til fredag 27. august kl. 09.00 – 15.00. Les meir her.