Testing erstattar smittekarantene for nærkontaktar

Regjeringa har avgjort at smittekarantene på 10 døger kan erstattast med dagleg testing for husstandsmedlemer og tilsvarande nære. Forskriftendringa gjeld frå og med midnatt, natt til 26. januar.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol - Klikk for stort bileteHelse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol 

–Svært mange vert no sitjande i karantene. Smittesituasjonen har ført til eit kritisk behov for å setja i verk justeringar av både prioriteringar og regler for teststrategi, karantenereglane og bruk av PCR-kapasiteten. Det hastar å gå over til et testregime som erstatning for karantene, seierr helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Forskriftendringa gjelder frå og med midnatt, natt til 26. januar, og gjeld uavhengig av vaksinestatus. Øygarden kommune vil endra informasjonen under «smitteverntiltak» frå 26. januar.

Smittekarantene for nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemer eller tilsvarande nære den smitta er allereie oppheva. Personane vert tilrådde til å testa seg tredje og femte døger etter nærkontakten, og det vert tilrådd god symptomobservasjon i 10 døger. Ved symptom skal ein halda seg heime og testa seg.

Les pressemelding frå regjeringa her.