Startar vaksinasjon av 16- og 17-åringar 8. september - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Startar vaksinasjon av 16- og 17-åringar 8. september

Regjeringa har avgjort at 16- og 17-åringar skal få tilbod om koronavaksine. I Øygarden startar ein opp med vaksinasjon av denne gruppa den 8. september. 

Klikk for stort bilete 

Tilbodet gjeld alle som er fødd i 2004 og 2005. Dermed vil også dei fyller 16 år i løpet av 2021 vera omfatta av tilbodet.

Den 8. september vert det vaksinasjon mellom klokka 15.00 og 22.00 i Sotra Arena. Det vert no sendt ut invitasjon til timebestilling via booking-systemet til kommunen. Dei som høyrer til denne gruppa og ikkje har fått invitasjon, kan ringja til vaksinetelefonen for å tinga time, tlf.  56 16 00 10.

Smittevernlege Jens Eikås tilrår at personar i denne gruppa (16 og 17 år) vaksinerer seg.

- Dette vil føra til at ein vesentleg større det av befolkninga vert vaksinerte og dermed bidreg til å hindra smittespreiing. Særleg er dette viktig ettersom det for tida er mykje smitte i blant ungdom. Vaksinasjon gjev mindre sjanse for å utvikla og spreia koronasjukdom, seier Eikås.

Barn som har fylt 16 år treng ikkje samtykkeskjema. Her kan du lasta ned samtykkeskjemaet. (PDF, 51 kB)
Her er samtykkeskjema på engelsk (consent form in english).

For barn under 16 år gjeld følgjande reglar (kjelde: Helsedirektoratet):

  • - Koronavaksine til barn forset samtykkje frå den eller dei som har foreldreansvaret til 
      barnet.
  • - Ved delt foreldreansvar, vert det kravd samtykkje frå begge foreldra.
  • - For barn under offentleg omsorg er det krav om samtykke frå barneverntenesta.
  • - Reglene er like for barn med og uten medisinsk risiko.
  • - Det må gå fram av journal at det ligg føre samtykke til vaksinen. Ved delt foreldreansvar
      må det gå fram at begge foreldre har gjeve samtykke.
  • - Dersom kvalifisert helsepersonell vurderer at vaksinen er nødvendig for at barnet ikkje
      skal ta skade, vil det likevel vera tilstrekkelig med samtykke fra eín forelder med
      foreldreansvar. Dette unnataket vert rekna som er lite aktuelt for denne gruppa.
  • - Samtykkjeskjema skal skrivast ut, underteiknast og leverast ved frammøte til timen.