Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Startar massevaksinasjon 30. april

Fredag 30. april startar Øygarden kommune massevaksineringa i Sotra Arena. Om lag sju hundre personar får første dose med Pfizer-vaksine.

Arkivfoto - Klikk for stort bileteArkivfoto.   

Koronavaksinasjonsteamet og fastlegane i Øygarden vaksinerer i desse dagar dei siste i risikogruppe fire som er aldersgruppa 65 til og med 74 år og personar i alderen 18 til og med 64 år med høg risiko for alvorleg forløp. Ein del av desse får tilbod om vaksinasjon i Sotra Arena i neste veke.

Leiar av operativ vaksinasjonsgruppe, Grethe Bergsvik, seier at i tillegg vil innbyggjarar i aldersgruppa 55 til og med 64 år med underliggjande sjukdom med moderat risiko som få tilbod om vaksine i neste veke.

- Dei som har registrert seg elektronisk i vaksinekø, vil få SMS med tilbod om time for vaksinasjon. Det er viktig at alle som får SMS, svarar med å setja seg opp på time den dagen dei har fått tildelt. Dette hjelper oss til å gjennomføra ein effektiv vaksinasjon og at ingen vaksinedose går til spille. No gler vi oss over at kommunen får større menger med vaksinedosar og at ein stadig større del av befolkninga vert vaksinerte, seier Bergsvik.

Det er eit stort apparat som skal til for å organisera massevaksineringa. Den 30. april vil om lag 80 personar vera i sving for å gjennomføra vaksinasjonen. Vaksinasjonen startar klokka 10.00.

Møt opp i rett tid!

Hugs å fylla ut eigenerklæringsskjema til rett dato før du kjem til vaksinering og ta på klede som gjer det lett å ta vaksine.

Ikkje møt opp for tidleg, men om lag 10 minutt før du har time. Då vil ein unngå kø-danning. 

Dei som kjem med bil på riksveg 555 frå vest, vert bedne om å køyra av vegen ved Arefjord og køyra via Storskaret til Sotra Arena.

Etter vaksinasjonen, må ein venta om lag 20 minutt i observasjonsrommet. Når dette er gjort, er det viktig at dei vaksinerte køyrer ut frå parkeringsplassen like etter slik at det vert tilstrekkeleg med parkeringsplass til dei andre som skal ta vaksine.

Det vert ikkje gjeve vaksine dersom ein er sjuk, har feber, har teikn til infeksjonssjukdom, er i karantene eller ventar på prøvesvar. Dei som av desse grunnane ikkje får ta vaksine, kan ringja koronatelefonen 56 16 00 10 for avbestilla time og få ny time.

Dersom nokon i gruppe 5 ikkje får bestilt time fordi timelista er full og kan møta opp i løpet av 60 minutt den dagen, kan de ringja vaksinetelefonen å setja seg opp å på «no show-liste», (gr. 5: Alder 55-64 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar).

Det er viktig at alle under 64 år som ønskjer vaksine, registrerer seg i vaksinekø hjå Øygarden kommune. Dersom innbyggjarar over 65 år i Øygarden kommune ennå ikkje har fått tilbod om vaksine, må dei ringja vaksinetelefonen (56 16 00 10).

Tekst og foto: Vigleik Brekke