Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Smitteverntiltak i Øygarden

Frå og med fredag 16. april gjeld nasjonale smitteverntiltak.

Tilrådingar for heile landet

  • Hald eín meter avstand.
  • Hald hendende reine.
  • Hald deg heime dersom du er sjuk.

Sosial kontakt

Alle bør avgrensa sosial kontakt.

  • Oppmoding om å møtast utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjester. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand kan ein vera fleire, men ein må kunna halda avstand.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Barn, i tillegg til besøk frå eigen barnehage- og barneskulekohort, og unge kan ha besøk av eller gå på besøk til eín til to faste vener.

Reiser

Reiser til utlandet vert frårådd. Strengt nødvendige reiser kan gjennomførast.

Unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er spesielt viktig til og frå område med høg smitte. Ein kan reisa på hytta (eigd eller leigd) eller hotell  innanlands, men unngå kollektivtransport dersom det er mogleg. Personar som reiser til kommune med mindre strenge tiltak bør som en hovudregel følgja tilrådingane som gjeld som gjelder i kommunen dei bur i til vanleg. Reiser til arbeid- og studiestad kan reknast som nødvendig reise.

Barnehagar og skular

Barnehagar og skular er på gult nivå i samsvar med trafikklysmodellen.

Handelsnæringa

Ope med smitteverntiltak jf. eigen bransjestandard.

Arbeidsliv

Heimekontor for alle som har høve til det.

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år kan trena og delta på fritidsaktiviteter som normalt. Det er unnatak frå tilrådinga om avstand på eín meter når det er nødvendig for å driva med aktiviteten.
  • Dersom barn og unge trenar/øver med eit lag, foreininga eller liknande i ein annen kommune, vil dei kunna konkurrera med dette laget/denne foreininga så lenge smittesituasjonen tillét det.
  • Barn og unge under 20 år som driv med idrett som ikkje inneber nærkontakt, som ski, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå same idrettskrins eller region der region vert brukt som geografisk inndeling
  • Vaksne kan driva organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst eín meter avstand.
  • Utandørs kan vaksne driva organisert aktivitet, så lenge dei kan halda minst eín meter avstand. 
  • Toppidrettsutøvarar kan trena som normalt, både utandørs og innandørs.

Reglar for heile landet

Private samankomstar og arrangement

Arrangement som samla personar frå ulike kommunar, vert tilrådd utsett eller avlyst.

Reglane for arrangement er slik:

  • Maks ti personar på private samankomstar innandørs utanom i eigen heim, som til dømes fødselsdag i leigd lokale. Maks 20 personar utandørs. Barn i same kohort i barnehage eller barneskule kan møtast med eit nødvendig tal vaksne personar som tilretteleggarar.
  • Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune (nytt med 50 for kulturarrangement).
  • Maks 100 personar på arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitteplassar.
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personer (fordelt på 3 kohortar á 200 personar) dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meter avstand mellom kohortane.
  • Arrangøren skal setja i verk tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitteplassar. Om det er nødvendig, skal det nyttast vakthald for å sikra dette.
  • Same høve til å skjenka alkohol på arrangement som på serveringsstader.

Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkebevilling

  • Det er berre lov med skjenking ved servering av mat. Skjenkestopp kl. 22.00.
  • Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykkjer til det.

Anna

Pressemelding

På nettsida Regjeringen.no finn du meir informasjon om første trinn i gjenopningsplanen.