Røde Kors-huset vert vaksinasjonslokale frå veke 10

Vaksinasjonen mot koronaviruset har mindre omfang enn før og treng mindre areal. Den 25. februar vert siste vaksinasjonsdag i Sotra Arena.

Frå veke 10 vert Røde Kors-huset vaksinasjonslokale. - Klikk for stort bileteFrå veke 10 vert Røde Kors-huset vaksinasjonslokale. 

Frå veke 10 (frå 7. mars) vert 2. etasje på Røde Kors-huset på Straume vaksinasjonslokale. Adresse: Blombakkane 17, Straume.

Parkering: Ta til venstre like før du kjem til Røde Kors- huset. Parkeringsplassen ligg like sør for bygget vis a vis Straume barnehage, sjå kart.

Tidspunkt for vaksinasjon vert publisert på nettsida til kommunen her.

Andre vaksinasjonsstader:

  • Vitusapotek på Sartor Storsenter
  • Apotek Sund Senter
  • Sund Apotek
  • Apotek 1 Ågotnes
  • Legekontoret på Rong    Les meir her.

Sjå kart her. (PDF, 519 kB)

Kart/skisse: Arne Monsen
Foto: Vigleik Brekke