Øygarden får to tusen ekstra vaksinedosar - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Øygarden får to tusen ekstra vaksinedosar

I går kom det melding om at Øygarden kommune får to tusen ekstra vaksinedosar mot koronaviruset.

Det vert vaksinasjon av fleire personar enn opphalvleg planlagt i Sotra Arena i neste veke (30). - Klikk for stort bileteDet vert vaksinasjon av fleire personar enn opphalvleg planlagt i Sotra Arena i neste veke (30). 

Dette inneber at det vert gjeve 4 500 dosar i neste veke (30). 3 600 personar får første dose. Det vert vaksinert fire dagar i neste veke (tysdag 26. juli til fredag 30. juli) med start klokka 10.00 på tysdag og klokka 09.00 dei andre dagane.

Som ein konsekvens av at Øygarden kommune får fleire dosar, vert det sendt ut fleire invitasjonar enn planlagt til personar om å tinga time for vaksinasjon. Ordførar Tom Georg Indrevik oppmodar folk om å nytta sjansen og tinga time.

- Eg håpar at dei som får tilbod om vaksinasjon, gjer det dei kan for å nytta tilbodet. Det har svært mykje å seia for å sikra god vaksinedekning, seier ordføraren.

Det er no sendt ut tilbod om vaksine til gruppe 10 (18-24 år og 40-44 år). Også nokre personar i gruppe 11 (25-39) år får no tilbod om vaksinasjon som ein konsekvens av at Øygarden får fleire dosar. Også ein del lærarar, barnehagetilsette og SFO-tilsette har fått tilbod om vaksinasjon.

I veke 31 er det planlagt vaksinert måndag 2. august, onsdag 4. august, torsdag 5. august og fredag 6. august. Dersom kommunen får fleire dosar, vert det også vaksinasjon tysdag 3. august.