Oppskrift munnbindLytt til tekstenStopp avspillingHer finn du oppskrift til munnbind som kan nyttast til privat bruk. Munnbindet er ikkje formelt godkjend til helsepersonell, men fungerer godt for å redusera smittespreiinga. Du treng Bomullsstoff som er vaska på 90 grader. Du treng 60 cm x 21 cm stoff. Del 1: 19 cm x 38 cm Del 2: 19 cm x 19 cm Buksestrikk S, M 2 stk. x 25 cm, L 2 stk. x 27 cm Streng (aluminium sveisetråd 0,9 mm kan kjøpast hjå Clas Ohlson, Biltema eller andre som leverer dette) 2 stk x 16,5 cm Skråband 2 cm x 13 cm eller klipp en remse på 4 cm x 13 cm. Oppskrift Lag eit papirmål på 38 cm. x 19 cm. Merk av kvar foldane skal vera Klipp ut del 1 etter malen. Klipp ut del 2 19 cm x 19 cm. Brett del 1 på midten så han vert dobbel, legg del 2 oppå med rettsida ned. Sy ein saum oppe og nede. Vreng stoffet med rettsida ut. Stryk over saumkantane. Sy ein saum på den sida som skal venda opp på munnbindet på ca. 0,5 cm breidde. Det er løpegang til strengen. Putt strengen inni løpegangen. Legg stoffet på malen, merk kvar foldane skal vera på begge sider. Brett stoffet ved markeringa. Foldene skal venda nedover. Stryk han eller fest med klyper/knappenåler. Sy over foldane på begge sider. Legg skråbandet med rettsida ned, kant i kant med sida. La det vera 1 cm utanfor oppe og nede og brett delane rundt på baksida. Sy skråbåndet fast til sida på begge sider. Brett bandet rundt på baksiden. Brett inn 0,5 cm, la den skjula saumane til sidekanten. Stryk og fest kanten med klyper/ nåler. Snu arbeidet til rettsida. Sy i sømmen som vises. Dette blir løpekant til strikken. Klipp strikk på 25/27 cm. Bruk ei heklenål/sikkerhetsnål og tre trikken i løypekanten. Sy saman buksestrikken, overlapp ca. 1 cm. Skyv skjøten inn i løpekanten. Fotogalleri Foto: Kjell Andersland Publisert22.04.2020 12.26 Sist endra29.09.2020 13.31