Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Opphevar lokal forskrift

Den kommunale kriseleiinga (KKL) har vedteke å oppheva ei lokal smittevernforskrift for Øygarden med verknad frå og med 16. april. I Øygarden vert det frå fredag dermed berre dei nasjonale smitteverntiltaka som gjeld.

Klikk for stort bilete 

Mellombels forskrift om førebygging av koronasmitte vedteken av Øygarden formannskap 19. mars skulle gjelda til og med 18. april. I den forskrifta er det pålegg om bruk av munnbind dersom ein ikkje klarer å halda avstand på eín meter og reglar om kor mange som kan vera til stades på eit arrangement (50 deltakarar). I vedtaket den 19. mars fekk KKL fullmakt til å endra/redusera verknadstida for forskrifta.

Frå og med 18. april vert det innført nasjonale smitteverntiltak som mellom anna inneber tilråding om å halda avstand på eín meter og at ein kan gjennomføra innandørs arrangement med faste tilviste sitjeplassar med ei grense på 100 personar.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at det ikkje lenger er strengt nødvendig å halda på den lokale forskrifta fram til og med sundag.

- Strengare reglar enn dei nasjonale smitteverntiltaka skal grunngjevast. KKL har vurdert smittesituasjonen slik at det er tilstrekkeleg at dei nasjonale smitteverntiltaka gjeld i Øygarden. Ei oppheving av forskrifta vil også gjera det lettare for folk å forstå kva tilrådingar og reglar som gjeld, seier ordføraren.

Frå og med fredag 16. april er det altså berre nasjonale smitteverntiltak som gjeld i Øygarden.

Tekst: Vigleik Brekke
Ill.: Monica Hovland