Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Opphevar fleire karantenar i Øygarden

Fleire skular og barnehagar i Øygarden har fått oppheva mellombelse karantenar dei siste to dagane.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Pixabay 

I dag kom det melding om at prøvesvar på Ågotnes skule var negativ. Dermed er karantenen for klasse 3a og 4a og vaksne i tilknyting til klassane oppheva.

På Sund ungdomsskule er det også meldt om negativt prøvesvar. Dermed er klasse 8d, ei spanskgruppe og seks tilsette ute av den mellombelse karantenen.

På Foldnes skule er dei fire elevane som var i karantene i påvente av prøvesvar, også ute av karantene etter negativt prøvesvar.

På Skogsvåg barnehage er ei avdeling og fem vaksne i tilknyting til avdelinga ute av mellombels karantene etter at prøvesvar var negativt.

I går vart den mellombelse karantenen for to avdelingar og 10 vaksne på Ågotnes barnehage oppheva etter negativt prøvesvar.