Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Oppdaterer smittevernrettleiarar for barnehage og skule

Fagstyresmaktene har oppdatert smittevernrettleiarane for barnehage og skule. I dei reviderte rettleiarane er råd og tilrådingar tydelegare og lettare å følgja.

Regjeringa seier at målet er framleis å leggja til rette for at barna og elevane kan vera til stades på barnehage og skule. Dette betyr mykje for alle barn og unge, men ekstra viktig for dei med særleg behov for oppfølging.

Ungdomsskulen og vidaregåande skule har fått kvar sin rettleiar, medan rettleiarane for barnehage og barneskule er oppdaterte.