Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Nyttar Sotra Arena til vaksinasjon mot koronaviruset

Den kommunale kriseleiinga (KKL) i Øygarden har vurdert aktuelle lokale for  vaksinasjon mot koronviruset. Det er konkludert med at Sotra Arena vert hovudlokale for vaksinasjonen. Det er også aktuelt på kort varsel å nytta Hjeltefjorden Arena og/eller Spildehallen dersom det vert behov for ekstra lokale.

Sotra Arena - Klikk for stort bileteSotra Arena 

Mengdevaksineringa vert gjennomført i intensive tidsavgrensa periodar. Totalt reknar kommunen med at Sotra Arena vert nytta til vaksinasjon i inntil åtte veker. Det er vanskeleg å slå dette fast ettersom kommunen får varsel om leveranse og mengde vaksinedosar på kort varsel.

Tilbod til barn og unge

Kommunen legg vinn på at aktivitetane i Sotra Arena og eventuelt andre hallar i størst mogleg grad skal gå som normalt i dei periodane det ikkje går føre seg vaksinasjon.

Det vert lagt til rette for at barn og unge kan nytta alternative lokale for idrettsaktivitetar den tida vaksinasjonen vert gjennomført. I tillegg kan speleflate 3 i Sotra Arena nyttast til idrettsaktivitetar parallelt med vaksinasjonen i den resterande delen av hallen.

I samarbeid med idretten vert det etablert ei arbeidsgruppe som skal arbeida fram løysingar som skal sikra best moglege forhold for barn og unge når det gjeld idrettsaktivitetar.

- Vi har teke kontakt med eigarar av private hallar for å få avklart om dei har høve til å låna ut hallane på kort varsel. Tilbakemeldingane er gode, og vi håpar at dette kan bidra til at vaksinasjonen i minst mogleg går ut over aktivitetar for barn og unge. Vi er likevel fullt ut innforstått med at dette ikkje vert eit fullgodt alternativ. Eg er glad for at vi har fått til eit samarbeid med idretten og at ei arbeidsgruppe kan arbeida for å gjera vilkåra for idretten så god som mogleg i dei krevjande fasane i tida som ligg framfor, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Øygarden kommune har vurdert andre moglege vaksinasjonslokale enn desse tre som er nemnt ovanfor. Dette gjeld også private bygg. Dei lokala som er vurderte, tilfredsstiller ikkje krava til vaksinasjon ein stiller til funksjonalitet og omfang.

Vaksinasjonen i Øygarden starta den 6. januar der bebuarar på sjukeheimar fekk den første dosen. Etter kvart vil vaksinasjonsomfanget auka kraftig. På kort varsel kan kommunen verta utfordra til å vaksinera ein firedel av befolkninga i løpet av 14 dagar. Ved mengdevaksinasjonen er det behov for store og tenlege lokale.

Difor vert Sotra Arena nytta til vaksinasjon

Det er mange grunnar til at Sotra Arena vert lokale for vaksinasjonen. Denne hallen er beredskapshallen til Øygarden kommune og skal nyttast i krisesituasjonar som dette. Dette gjeld også for liknande bruk seinare.

Hallen ligg sentralt i kommunen i eit folkerikt område der om lag ein tredel av befolkninga bur. Styresmaktene ber om at vi må vera førebudd på at kommunen på kort varsel kan få tilgang til store menger vaksinedosar.

Andre moment som talar for Sotra Arena som vaksinasjonslokale:

  • Den tekniske infrastrukturen i hallen er god og stabil.
  • Hallen har kapasitet til å vaksinera seks tusen personar i løpet av fem dagar.
  • Det er tilfredsstillande parkeringsforhold ved hallen.
  • Trafikkanalyse viser at trafikkflyten også vil fungera godt ved bruk av Sotra Arena.
  • Hallen er stor og sikrar at ein kan halda avstand på to meter mellom personane i heile vaksinasjonsforløpet.
  • Sotra Arena skal gje plass til tre vaksinasjonsområde, mottaksområde, venteareal før vaksinering, plass til registrering, vaksinasjon og observasjon av dei vaksinerte i inntil 30 minutt etter vaksinasjon.

I tillegg til bruk av Sotra Arena, og eventuelt andre hallar, skal fastlegane gjennomføra vaksine av eigne pasientar i risikogrupper og pasientar som ikkje kan reisa til hallar for vaksinering.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland