Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Ny forskrift om nye smittevernreglar

Formannskapet vedtok den 6. november forskrift om nye smittevernreglar. Bergen og andre kommunar i bergensområdet gjorde det same.

Møtet i formannskapet vart gjennomført på Teams. - Klikk for stort bileteMøtet i formannskapet vart gjennomført på Teams. 

Forskrifta omhandlar tema som samankomstar i husstand, private og offentlege arrangement, bruk av hallar, påbod om heimekontor og reglar knytt til serverings- og skjenkestader.

Ordførar Tom Georg Indrevik er glad for det gode samarbeidet mellom Bergen og dei andre nabokommunane.

- Eg vil også gje ros til formannskapet som stilte opp og vedtok forskrifta på kort varsel, seier ordføraren.

Her er utdrag frå den nye forskrifta:

  • Det vert forbod mot private samankomstar med meir enn fem deltakarar og samankomstar der ein ikkje kan halda kravet om avstand på minst eín meter. Maksimaltal deltakarar gjeld inklusive dei som bur i husstanden. Det er unnatak for familiar som er på fleire enn fem personar og for kohortar for barn i barnehage og barneskule.
     
  • Det  vert ikkje lovleg med innandørs arrangement på offentleg stad utan fast seteplass.

    Alle deltakarane skal ha fast sitjeplass (seta treng ikkje vera fastmonterte). Maksimaltal for private eller offentlege arrangement er 20 deltakarar. Ved gravferder er grensa 50 personar.

  • Idrettshallar, symjehallar og lokale for tilsvarande aktivitetar skal vera stengde. Dette gjeld ikkje toppidrett. Det gjeld heller ikkje skuleundervisning eller organisert trening for barn og unge under 20 år. Det er ikkje lov å arrangera kampar, cupar, turneringar og liknande for barn og unge.
  • Treningssenter og likande aktivitetstilbod skal vera stengde. Det same gjeld museum og liknande tilbod.
  • Bibliotek/innbyggjartorg skal vera stengde for publikumsopphald og aktivitetar. Det vert høve til utlån og innlevering av bøker. Sjå utfyllande informasjon nedanfor som gjeld Øygarden.
     
  • I Øygarden vert innbyggjartorga i Skogsskiftet, Straume og på Rong tilgjengelege for publikum.
  • Øvingar og organiserte idretts-, kultur og andre fritidsaktitetar for vaksne er ikkje lov. Forbodet gjeld ikkje for barn og unge under 20 år.
  • Breiddeidrett for vaksne vert ikkje lov.
  • Butikkar, kjøpesenter og liknande må syta for at det ikkje er fleire til stades i lokalet enn at det kan haldast avstand på to meter.
  • Det vert krav om munnbind/ansiktsmaske på kollektivtrafikk, taxi og innandørs offentleg stad (butikkar, kjøpesenter m.v.). På kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad skal munnbind/ansiktsmaske brukast når ein-meters avstandskrav ikkje kan overhaldast. Det er unnatak frå kravet for barn under ungdomsskulealder eller andre som av helsemessige årsaker ikkje kan nytta munnbind.
  • Det er innført endringar i reglar for serverings- og skjenkestader. Skjenkestader, restaurantar, kaféar , kantiner og andre serveringsstader skal stengja seinast klokka 22.00. Servering av alkohol må avsluttast klokka 21.30.  Reglane gjeld ikkje for Takeaway-stader (matutleveringsverksemder).
  • Obligatorisk heimekontor skal nyttast når dette er mogleg.
  • Besøksrestriksjonar på helseinstitusjonar vert vedtekne og endra av kommunal kriseleiing.

I Øygarden er bibliotek og innbyggjartorg samlokalisert på Rong, i Skogsskiftet og på Straume. Desse er opne med avgrensa tilbod. Det vert altså høve til utlån og innlevering av bøker. Det er ikkje høve til publikumsopphald og aktivitetar.

Her kan du lesa forskrifta som er vedteken. (PDF, 138 kB)

På nettsida til Bergen kommune kan du lesa "Ofte stilte spørsmål" om dei nye smittevernreglane.

Forskrifta for nye smittverntiltak gjeld frå 7. november til og med 23. november. Den kommunale kriseleiinga får fullmakt til å forlenga forskrifta med inntil to veker.

Formannskapet vedtok også at politiske organ i kommunen har høve til å halda møte som fjernmøte fram til og med 16. desember. Formannskapet overfor kommunestyret at politiske organ i kommunen har høve til å halda møte som fjernmøte når det er nødvendig. Fysiske møte skal framleis vera hovudregelen når situasjonen tilseier det.
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke