Marcus framskunda andre dose med sju veker - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Marcus framskunda andre dose med sju veker

Marcus Iden (21) var ein av dei som nytta drop-in-vaksinasjonen i Sotra Arena i dag.
- Dette var eit svært «smud» opplegg, seier studenten frå Brattholmen.

Tove Karin Jonassen set stikket på Marcus Iden. - Klikk for stort bileteTove Karin Jonassen set stikket på Marcus Iden. 

Tysdag og onsdag denne veka var det mogleg å møta opp på drop-in-vaksinasjon i Sotra Arena. Dette tilbodet gjaldt både for dei som ville ta første dose og dei som skulle fullvaksinera seg.

Marcus Iden tok den første dosen i midten av juli. Han hadde ikkje biverknader etter den første dosen.

- Eg hadde time for dose to i midten av oktober. Med drop-in fekk eg time allereie denne veka. Dei fleste eg kjenner, er fullvaksinerte, og eg oppmodar folk om å nytta seg av drop-in-vaksinering, seier Marcus Iden som no går tredjeåret på informasjonsvitskap på Universitetet i Bergen.

Signy Ulland i vaksinasjonsteamet opplyser at denne veka kan uvaksinerte nytta seg av drop-in-tilbodet torsdag 26. august og fredag 27. august.

I neste veke (35) er det mogleg å nytta seg av drop-in for dose to fire dagar, måndag 30. august til og med torsdag 2. september. Uvaksinerte kan framleis koma til drop-in-vaksinering alle dagane der er vaksinasjon.