Krevjande smittesporing med mange smittetilfelle

Talet på påviste smittetilfelle av koronaviruset har auka kraftig i Øygarden den siste tida. I dag (19. januar) er det påvist 128 smittetilfelle.
- Vi har ikkje kapasitet til å følgja opp smittesporingsarbeidet på same måte som før, seier smittevernlege Bjørg Møllerløkken.

Smittevernlege Bjørg Møllerløkken - Klikk for stort bileteSmittevernlege Bjørg Møllerløkken 

Dei tre første dagane denne veka (måndag-onsdag) er det påvist 376 smittetilfelle. Det er fleire smittetilfelle enn heile sist veke som hadde rekordhøgt smittetal (316).

- Smitten har fått eit omfang som gjer at smittesporingsteamet ikkje lenger har kapasitet til å ringja opp alle som har fått påvist koronasmitte. Difor oppmodar vi folk om å søkja opp informasjon på helsenorge.no for å finna resultatet av koronatesten, seier smittevernlegen.

Ho legg til at dei som ikkje klarer å finna informasjon om testresultat nettet eller har andre spørsmål knytt til koronaviruset, kan ringja koronatelefonen 56 16 00 10.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at den enkelte har eit ansvar for å følgja smitterverntiltaka og følgja opp reglane når isolasjon og karantene inntreffer.

- Eg oppmodar oss alle om å halda oss orientert om smitteverntiltaka og følgja påbod og tilrådingar, seier ordføraren.

Informasjon om isolasjon, karantene og anna om koronaviruset, finn du på nettsida til Øygarden kommune eller på helsenorge.no.


Tekst og foto: Vigleik Brekke