Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Klassar på skule og tilsette og barn i barnehage i mellombels karantene

Seks klassar på Ågotnes skule er sett i karantene etter mistanke om smitte hjå tre elevar. I Skogsvåg barnehage er tilsette og ei avdeling sett i karantene. Karantenane gjeld i første omgang fram til måndag i påvente av prøvesvar.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Rektor på Ågotnes skule, Dagfinn Ellingsen, opplyser at dei seks klassane er på tredje, fjerde og sjuande trinn. Også om lag 10 tilsette i tilknyting til klassane er sett i mellombels karantene. Dei føresette er varsla.

På grunn av mistanke om smitte hjå tilsett i Skogsvåg barnehage, er fem tilsette og ei avdeling sett i mellombels karantene. Styrar Inger Elin S. Hetlevik seier at dei føresette er varsla.

Smittevernlege Jens Eikås seier at ein i desse tilfella ikkje kan sjå bort frå at det her kan vera snakk om mutert koronavirus. Han understrekar dette ikkje er stadfesta.

Uavhengig av mistanke om smittetilfelle nemnt ovanfor, er det i dag påvist smitte hjå eín innbyggjar i Øygarden. Totalt 337 personar frå Øygarden har fått påvist smitte sidan mars 2020.