Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Ingen smitte i Øygarden dei tre siste dagane

Det er ikkje påvist smitte hjå innbyggjarar i Øygarden dei tre siste dagane.

Ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik. 

 

Smittevernlege Jens Eikås er varsam med å konkludera når det gjeld smittetrykket i kommunen.

- Eg er spent på smittesituasjonen etter at vi no har hatt haustferie og fleire enn normalt har vore på reise. Svaret på det vil vi få ut i neste veke, seier Eikås.

Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg over tre dagar utan påvist smitte.

-  Eg ser dette som ein positiv trend. Men vi er sårbare og må framleis ha sterkt fokus på å halda avstand og følgja smittevernråda, seier ordføraren.

Så langt er det påvist smitte hjå totalt 122 personar frå Øygarden kommune.