Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Ingen smitta onsdag

Det er ikkje meldt om smittetilfelle i Øygarden i dag.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Talet på personar som testar seg for koronaviruset har teke seg noko opp denne veka. I dag var det om lag 130 personar som testa seg. I sist veke låg gjennomsnittet på dagleg 50 testar.

290 personar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte sidan mars.

I dag starta Øygarden vaksinasjonen mot koronaviruset. Brita Nesse fekk den første vaksinedosen.