Informasjon til barnehagar og skular om testing som alternativ til karantene - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Informasjon til barnehagar og skular om testing som alternativ til karantene

Frå 16. august kan personar under 18 år som vert definert som nærkontaktar, men ikkje er husstandsmedlemer eller tilsvarande nære, få fritak for smittekarantene ved å følgja testregime i samsvar med retningslinjene til kommunen (§ 4 tredje ledd). 

Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

Forskrifta opnar også for at kommunelegen kan avgjera at nærkontaktar over 18 år, som ikkje er husstandsmedlemer eller tilsvarande nære, kan erstatta smittekarantene med testregime. Dette vert tilrådd for elevar/studentar i utdanningsverksemder. Dersom testing ikkje let seg gjera, må heile karanteneperioden gjennomførast.

Følgjande testregime vert tilrådd:

  • For barn under 13 år og 13-åringar på barneskule:
    - Ta test raskast mogleg (dag 1). Ved negativt testsvar, vert ein friteken for smittekarantene.
    - Påfølgjande test dag 3-5 (valgfri dag). Ved negativt testsvar, vert ein framleis friteken for smittekarantene. Dersom testen vert positiv, skal personen i isolasjon som smitta.
  • For personer over 13 år (ungdomsskule, vidaregåande, høgskule, universitet):
    - Nærkontaktar tek test raskast mogleg (dag 1). Ved negativt testsvar vert dei fritekne for smittekarantene. Ny påfølgjande test dag 3.
    - Påfølgjande test dag 5. Ved framleis negative testsvar, vert ein friteken for smittekarantene.

Dersom eín av to påfølgjande testar er positiv, skal personen i isolasjon som smitta.

Testing kan gjerast med anten hurtigtest eller PCR, men bruk av hurtigtest vil gje raskare svar, og er difor av større nytte for å redusera fråvær frå skule/barnehage. 

Øygarden kommune vil ha tilgjengeleg mobilt testteam som vil kunna ta hurtigtest av barn i skule og barnehage som er blitt definerte som nærkontaktar etter beskjed frå smittesporingsteamet. Det vert tilrådd at den første vert teken på testasjonen til kommunen ved Sotra Arena. Dei påfølgjande testane kan utførast av det mobile testteamet på skulen eller i barnehagen. Testane vert tekne frå fremre del nase og medfører minimalt med ubehag. For barn under 16 år er det krav om samtykkeerklæring frå minst eín av de føresette. Dei som ikkje vert hurtigtesta, uansett årsak, må utføra karantene heime eller på annan eigna stad som tidlegare. Testane vert utførte gratis som tidlegare uavhengig om dei er tekne på teststasjon eller av mobilt testteam.

Barn og ungdom som har fått pålagt karantene før måndag 16.08.21, og som ennå ikkje er ferdig med karantenetida, kan om ønskeleg gå over til den nye ordninga frå og med 16.08.2021.

Det vert presisert at også barn og ungdom som har symptom på infeksjonssjukdom, skal halda seg borte frå barnehage eller skule uansett om det ligg føre negativ PCR eller hurtigtest.

Smittesporingsteamet vil framleis vera avhengig av det gode samarbeidet som er etablert med barnehagar og skular i kommunen for å hurtig nå ut med meldingar og karantenevarslar til føresette i aktuelle barnehagar og skolar.

Transponder meldingsbok

Klikk for stort bileteKommunale barnehagar og skular får informasjon i Transponder.

Informasjon til ny brukar av Transponder

Dersom du ikkje har lasta ned appen «Transponder meldingsbok» kan du gjera det i Google Play eller App store

Her kan du lese meir om Transpoder meldingsbok

Innlogging

For å logge på Transponder meldingsbok første gong brukar du id-porten. Her finn du forklaringar om bruken av meldingsboka: