Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Her får Brita den første vaksinen

97 år gamle Brita Nesse var den første innbyggjaren i Øygarden som fekk vaksine mot koronaviruset.
- Dette var jo ingenting. Heldigvis er det gjort. Eg håpar alle vil ta vaksinen, sa Brita etter at sjukepleiar Gintare Doleizeryte hadde sett vaksinen i armen på den spreke kvinna på Sundheimen i Skogsskiftet litt før klokka 10 i dag.

Her får Brita Nesse den første vaksinedosen i Øygarden. Det er sjukepleiar Gintare Doleozeryte som set dosen. - Klikk for stort bileteHer får Brita Nesse den første vaksinedosen i Øygarden. Det er sjukepleiar Gintare Doleizeryte som set dosen.  

Brita Nesse, som presiserer at ho er nitti sju og eit halvt år, er tydeleg på at alle bør ta vaksine. Ho sparar ikkje på å gje skryt til dei tilsette på Sundheimen.

- Eg har det veldig godt her. Personalet gjer ein kjempejobb. Dottera mi seier at dei er heltar. Eg har alltid nokon å snakka med.

- Kva tenkjer du om å vera historisk?

- Eg har ikkje tenkt på det. Det er godt at vi er i gang. Eg ser fram til å sjå barnebarn og oldebarn, seier Brita som vaks opp på Kleppe.

Bebuarar på sjukeheimar har førsteprioritet

Øygarden kommune har fått eit kvantum på 115 vaksinedosar denne veka, og det er bebuarar på fem sjukeheimar som fekk vaksine denne veka. Kvart hetteglas med vaksine kan gje seks, kanskje sju, vaksinedosar. Dermed kan ein med denne leveringa setja nokre fleire enn dei 115 vaksinedosane som er berekna til Øygarden. Det er venta ny forsyning i neste veke.

- Vi har fått vaksinar som rekkjer til dei aller fleste på sjukeheimane denne veka. Dette er ein flott dag, og det er godt å koma i gang. Men det er ein krevjande logistikk som må på plass når omfanget av vaksineringa vert langt større enn no i starten, seier smittevernlege Jens Eikås som gler seg over at ein ikkje har fått smitte på institusjonane.

Sjukepleiar Gintare Doleizeryte sette den første vaksinedosen.

- Eg har gjort dette mange gonger, men eg var litt nervøs på grunn av alle dei som var her i dag, seier sjukepleiaren.

Ordførar Tom Georg Indrevik overrekte blomar til Brita Nesse.

- Dette er historisk. Eg takkar alle som bidreg til at vi får gjennomført dette. Dette kan vera starten på lettare dagar for både tilsette, bebuarar og pårørande, seier Indrevik.

Vaksinasjon på Tednebakkane omsorgssenter

Det vart gjennomført vaksinasjon på fleire sjukeheimar i Øygarden i dag. På Tednebakkane omsorgssenter på Rong var Helena Rong på 102 år ein av dei som fekk vaksine. 

Her set Rigmor Otterlei vaksine på Helena Rong. - Klikk for stort bileteHer set Rigmor Otterlei vaksine på Helena Rong. Kari Fjeldstad    

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå Sundheimen

Ordførar Tom Georg Indrevik og smittevernlege Jens Eikås. - Klikk for stort bilete
Hetteglas med vaksine. - Klikk for stort bilete
Frå venstre; tilsynslege Joanne Krasko, Eirik Hagen Helgesen (LIS 1), sjukepleiar Gintare Doleizeryte og avdelingsleiar Irene Sylte Glesnes. - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik overrekte blomar til Brita. - Klikk for stort bilete
Brita er klar for å ta vaksine. - Klikk for stort bilete
Brita Nesse og sjukepleiar Kristin Espeseth. - Klikk for stort bilete
Smittevernlege med transportkasse for vaksinedosar. - Klikk for stort bilete