Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Har du behov for å ta koronatest?

Ta kontakt med koronatelefonen 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene eller isolasjon eller andre spørsmål knytt til koronaviruset.

Telefonen er open frå klokka 08.00 til 15.00 alle dagar, også laurdag og sundag.

Det er viktig å nytta koronatelefonen når ein skal tinga test. På den måten vert ikkje telefonkøen inn til Sotra legevakt unødvendig lang for dei som treng rask helsehjelp.

Dei som har behov for legetilsyn, skal ringja til legevakta på telefon 116 117.

Koronatest?

Er du usikker om du bør testa deg? Gå inn på «Koronasjekk» på helsenorge.no
Sjølve testinga vert gjort ved Sotra Arena.

Etter testing

For deg som allereie er testa, er det viktig at du følgjer dei råda du fekk då du vart testa. Prøvesvaret vert vist på Helsenorge.no når prøven er ferdig analysert.