Gjev vekerapport om smittetal
Fram til no har Øygarden kommune presentert daglege smittetal for koronaviruset. Heretter vil smittetala verta presenterte i ein vekerapport kvar onsdag.
Ill.foto
Mostphotos
Smittevernlege Bjørg Møllerløkken seier at det er vanskeleg å gje eit rettmessig bilete av smittesituasjonen ved å presentera daglege smittetal.
- Den siste tida har smittetala svinga til dels kraftig frå dag til dag ettersom det varierer kva tid vi får registrert dei positive testane. Ved å presentera ein vekerapport onsdag etter den aktuelle veka, vil vi få meir korrekte tal og eit betre bilete av smittesituasjonen, seier smittevernlegen.
I veke sju er det registrert totalt 1 858 personar med koronasmitte i Øygarden. Veka før var det påvist 2 245 smittetilfelle. Sidan mars 2020 har 10 466 personar frå Øygarden fått påvist smitte.
1 485 personar i Øygarden har teke koronatest (PCR) i sist veke (07). Veka før (06) var det
1 654 personar som tok PCR-test. I tillegg kjem sjølvtestar.
Pr. dato er 29 417 personar i Øygarden vaksinert med første dose. 27 239 personar har også fått dose to. 18 589 personar har teke dose tre (oppfriskingsdose).
Les meir her.
Publisert 23.02.2022 14.49