Gjenopninga held fram - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Gjenopninga held fram

Regjeringa gjorde kjent i dag (18. juni) at Noreg går til tredje trinn i gjenopningsplanen.

- Vi er klare for å gå til trinn tre i gjenopninga, seier statsminister Erna Solberg. Arkivfoto. - Klikk for stort bilete- Vi er klare for å gå til trinn tre i gjenopninga, seier statsminister Erna Solberg. Arkivfoto. 

Det vert høve til fleire på besøk heime, fleire personar på arrangement, og det vert mindre behov for heimekontor. Barn og unge kan delta på idretts- og kulturarrangement på tvers av regionar og krinsar utan krav om å halda avstand på eín  meter. Skular og barnehagar skal planleggja for grønt nivå etter ferien, med mindre den lokale smittesituasjonen tilseier noko anna.

Dei nye tilrådingane gjeld straks, medan forskriftsendringar trer i kraft frå sundag 20. juni klokka 12.00.

Les pressemeldinga frå regjeringa her.