Føreslår å justera test- og sporingsarbeidet - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Føreslår å justera test- og sporingsarbeidet

Helsedirektoratet har sendt ut nye råd til kommunane som skal bida til at kommunane kan bruka mindre tid og ressursar på test- og sporingsarbeidet om nødvendig.

Helsedirektør Bjørn Guldvog orienterte om nye råd i arbeidet med TISK. - Klikk for stort bileteHelsedirektør Bjørn Guldvog orienterte om nye råd i arbeidet med TISK. 

Regjeringa og Helsedirektoratet gjorde dette kjent på ein pressekonferanse fredag 27. august. Dersom det oppstår problem i arbeidet med TISK (Tiltak; testing, isolering, smittesporing og karantene), kan ein gjera følgjande prioriteringar:

1. Vaksinasjon
2. Testing
3. Smittesporing av husstandsmedlemer og tilsvarande nære
4. Smittesporing av andre nærkontaktar

I brevet til kommunane skriv Helsedirektoratet at den overordna målsetjinga nå er å avgrensa smittespreiinga og halda sjukdomsbyrden låg inntil 90 prosent befolkninga som er 18 år og eldre er vaksinert med to dosar. Det er ein ambisjon at dette er gjennomført innan fire til seks veker.

Fleire må vaksinera seg

Ordførar Tom Georg Indrevik er glad for at kommunane vert vist tillit til å kunna gjera lokale vurderingar i TISK-arbeidet.

- Men det aller viktigaste no er, slik helseministeren understreka, er at folk vaksinerer seg. Øygarden kommune har no også Moderna-vaksine til disposisjon. Dette er same type vaksine som Pfizer og har god effekt mot delta-varianten av viruset, Det er no umåteleg viktig at folk vaksinerer seg mot koronaviruset og sikrar god vaksinedekning, seier Indrevik.

Bruk av karantene

Enkelte kommunar har opplevd svært store utfordringar med å implementera det nye systemet med test for karantene i skulane. Desse kommunane kan i ein overgangsfase velja å innføra lokal forskrift om smittekarantene inntil dei får bygd opp kapasitet og planlagt for endring til test for karantene.

Alternative måtar for å varsla nærkontaktar

I brevet viser direktoratet til bruk av risikobasert smittesporing med prioritering av nærkontaktar som har høgast risiko for å vera smitta og rask informasjon vidare. Smittesporing knytt til smittetilfelle med høgast risiko for spreiing eller høgst risiko for alvorleg sjukdom og rask informasjon til nærkontaktar kan prioriterast i følgjande rekkjefølge:

1. Husstandsmedlemer og tilsvarande nære (besteven, kjæreste)
2. Andre nærkontaktar

Her kan du lesa innlegget til helseminister Bent Høie på pressekonferansen.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Rebecca Ravneberg/Helsedirektoratet.