Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Fleire bør testa seg for koronavirus

Dei siste par vekene har teststasjonen ved Sotra Arena på kvardagar (måndag -fredag) teke imot mellom 60 og 80 personar som har testa seg for koronavirus. I helgene har dagleg mellom 20 og 40 personar testa seg.

- Fleire bør testa seg. Har du symptom, bør du ringja koronatelefonen, seier smittevernlege i Øygarden, Jens Eikås.

Smittevernlege Jens Eikås og medisinsk sekretær Victoria Paulsen seier at det er god kapasitet for testing av koronavirus på teststasjonen ved Sotra Arena. - Klikk for stort bileteSmittevernlege Jens Eikås og medisinsk sekretær Victoria Paulsen seier at det er god kapasitet for testing av koronavirus på teststasjonen ved Sotra Arena. 

I Øygarden og fleire nabokommunar har talet på koronasmitta personar gått ned. I løpet av dei siste 19 dagane er det påvist smitte hjå 16 personar frå Øygarden. Også talet på dei som har testa seg har gått nedover dei siste vekene.

I Øygarden er det dei nasjonale smitteverntiltaka som gjeld. I tillegg er det i vår kommune oppmoding om å bruka munnbind på butikkar og andre offentlege plassar der det er fare for at ein ikkje kan halda avstand på ein meter. Det er også oppmoding om å nytta heimekontor ut året. I Øygarden er det eigne reglar for bruk av innandørs hallar og lokale.

Vi kan få oppblomstring av smitte

Jens Eikås gler seg over at det har vore redusert smitte i Øygarden dei siste to-tre vekene. Smittevernlegen minner om at vi framleis er i ein labil smittesituasjon med små opphopingar av smitte.

- Det er framleis smitte blant folk, og det skal lite til for at vi får lokale oppblomstringar av smitte. Dersom du har symptom på sjukdom eller mistanke har om at du kan vera smitta, oppmodar vi deg til å ta test. Dette kan bidra at vi unngår smitteoppblomstringar. Det er god kapasitet på teststasjonen, og du vil raskt få tildelt tid for testing, seier Eikås.
Også ordførar Tom Georg Indrevik oppmodar folk om å nytta høvet til å testa seg.

- For å hindra spreiing av smitte, er det avgjerande at flest mogleg testar seg dersom dei har symptom på luftvegsinfeksjonar eller kjem frå område med stor smitte, seier ordføraren.

Her kan du tinga koronatest: 56 16 00 10

I julehøgtida er det innført eigne reglar knytt til private samankomstar. Generelt er det tilrådd at ein kan ha inntil fem gjester i husstanden. På to av dagane i jule- og nyårshelga er det opna for inntil 10 gjester. Om kort tid vil Øygarden kommune klargjera reglar for besøk på institusjonar i jule- og nyårshelga.

Det er ikkje meldt om smittetilfelle i Øygarden så langt fredag. 

Her finn du meir informasjon.