Fjernar dei fleste tiltaka mot koronaviruset

Regjeringa har avgjort at alle forskriftsfesta tiltak mot koronaviruset vert fjerna frå og med 12. februar klokka 10.00.

Kravet om bruk av munnbind er no fjerna. - Klikk for stort bileteKravet om bruk av munnbind er no fjerna.  

Dette inneber at krav om munnbind og tilråding om å halda avstand på eín meter vert oppheva. Frå no av er det berre vaksne som har symptom som vert tilrådde å testa seg.

Les pressemelding frå 12. februar.

Avgjerda byggjer på faglege tilrådingar frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Dei meiner at ein kan letta tiltaka, og Folkehelseinstituttet understrekar at det er smittevernfagleg forsvarleg. 

Krav til isolasjon er oppheva og erstatta med ei tilråding om at smitta vaksne held seg heime i fire døger og uansett til dei har vore feberfri i eitt døgn. Tilrådinga om å halda seg heime i fire døger gjeld ikkje for barn i barnehagealder og skuleelevar, som berre vert tilrådde å halda seg heime dersom dei er sjuke.

Denne tilrådinga vert vurdert fortløpande og er forventa endra innan få veker.

Testing

Det vert  tilrådd test for koronasjukdom ved nyoppståtte luftvegssymptom hjå vaksne. Testing av personar utan symptom vert ikkje tilrådd. Barn med symptom treng ikkje lenger å testa seg

Smittesporing

Det er ikkje lenger tilråding om at personar som er smitta med koronaviruset, skal informera andre nærkontaktar.

Kommunal smittesporing kan verta aktuelt i enkelte situasjonar, eksempelvis som hjelp ved utbrot i kommunale institusjonar.

Skule og barnehage

Barnehagebarn og skuleelevar vert tilrådd å halda seg heime når dei er sjuke, men kan gå i barnehagen og på skulen så lenge dei har vore feberfrie i 24 timar. Barn og skuleelevar treng ikkje testa seg om de har symptom.

Påbodet om smittevernfagleg forsvarlig drift i covid-19-forskrifta vert oppheva. Det gjeld dermed trafikklysmodellen.

Innreise

De attståande innreisekrava om plikt til registrering og negativ test før innreise vert oppheva.

Forventar smitteauke

Regjeringa forventar at smitten vil auka som følgje av at forskriftene nå er oppheva og tilrådingane er justert. Mange vil verta smitta og sjukefråværet kan verta høgt. Talet på sjukehusinnleggingar vil truleg også auka, men pasientane er kortare tid på sjukehus, og færre treng intensivbehandling. FHI estimerer at sjukehusinnleggingar ikkje vil overstiga tusen innleggingar samstundes. Dette har sjukehusa kapasitet til å handtera.

Les oppdaterte smitteverntiltak her.

Tekst: Vigleik Brekke