Aktuell informasjon

Fjerde vaksinedose til personar som vert 75 år i år og eldre

Alle personar som frå i år fyller 75 år eller eldre vert tilrådd å ta ein ny oppfriskingsdose med koronavaksine.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto 

Grunnen til dette er auka tal innleggingar på sjukehus blant personar som fyller 75 år og eldre. Dette gjeld også dei som har allereie har fått 3 dosar og dei som har hatt koronasjukdom.

Det bør vera minst tre veker mellom gjennomgått koronasjukdom og ny oppfriskingsdose. Eit lengre intervall vil som regel gje betre immunrespons.

Det vert gjeve tilbod om oppfriskningsdose tidlegast fire månader etter siste vaksinedose. 

Kommunen legg til rette for kommunalt vaksineringstilbod i veke 30 i kultursalen i Øygarden rådhus (Straume) og på Øygarden legekontor (Rong). Førebels kan du bestilla time til vaksinering i kultursalen på Straume tysdag 26. juli. Det er også mogleg å få vaksine på utvalde apotek.

Vaksinestader:

  • Apotek
    • Vitus apotek - Sartor Storsenter - Bestill time her: Helseboka 
      Vaksinerer mandag til fredag kl 12.00 - 15.30.  Det er begrensa med
      drop-in timar 
    • Apotek 1 – Sund senter - Bestill time her: Helseboka
    • Ditt apotek Sund- Bestill time her: Helseboka
  • Øygarden legekontor på Rong i veke 30: Ring legekontoret for å avtala tid (56 38 21 10)
  • Kultursalen i Øygarden rådhus på Straume i veke 30: Bestilling av time for alle som i år fyller 75 år og eldre

Du kan også ringja vaksinetelefonen (56 16 00 10) for å bestille time. 

Risikogrupper

Personar fra 18 år og eldre som høyrer til risikogruppe, må ringja vaksinetelefonen for å bestilla time. Ver obs på at det er andre kriterium, tidsintervall og tal vaksinedosar for denne gruppa. 

NB! Familie og kjente vert oppmoda om å hjelpa til med å formidla informasjon om den nye tilrådinga om vaksinasjon til personar som i år fyller 75 år og eldre.