Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Fire smitta i Øygarden sundag

Fire innbyggjarar i Øygarden har i dag fått påvist koronasmitte. Dette inneber karantene for eín ungdomsskuleklasse og eín klasse på vidaregåande nivå.

Eín klasse på Sund ungdomsskule må i karantene til og med 18. januar - Klikk for stort bileteEín klasse på Sund ungdomsskule må i karantene til og med 18. januar Jøran Ingvaldsen    

Eín klasse på niande trinn på Sund ungdomsskule må i karantene etter koronasmitte hjå eín elev. 24 elevar og fire vaksne i tilknyting til klassen må i karantene til og med 18. januar. Eín klasse på ein vidaregåande skule i Bergen må også i karantene.

Pr. dato har totalt 299 innbyggjarar i Øygarden fått påvist koronasmitte.