Aktuell informasjon

Fekk tips om drop-in-vaksinering

Kokk om bord på fiskebåten Ligrunn, Torbjørn Nilsen, nytta seg av drop-in-tilbodet i Sotra Arena på onsdag. Båten låg til kai på Liaskjeret, og då kunne kokken frå Florø nytta høvet til å ta oppfriskingsdosen. 

Torbjørn Nilsen fekk tips om drop-in-vaksinering, og fekk oppfriskingsdosen på dagen 20 veker sidan dose to. Randi Cederholm er vaksinatør. - Klikk for stort bileteTorbjørn Nilsen fekk tips om drop-in-vaksinering, og fekk oppfriskingsdosen på dagen 20 veker sidan dose to. Randi Cederholm er vaksinatør. 

Denne dagen (12. januar) er det om lag 670 personar som har tinga time for vaksinasjon mot koronaviruset. I tillegg kjem dei som nytta seg av tilbodet om drop-in-vaksinasjon. I morgon (torsdag 13. januar) er det vaksinasjon mellom klokka 15.00 og 2100, medan det vert vaksinert mellom klokka 09.00 og 15.00 fredag 14. januar. Begge dagane er det mogleg å troppa opp utan time og nytta seg av drop-in.

- Eg tok dose to for nøyaktig 20 veker sidan. Då eg fekk tips frå ein kollega på båten om drop-in-vaksinasjon i Sotra Arena, kunne eg ikkje seia nei til dette tilbodet. Dette er fantastiske lokale for vaksinasjon, seier Torbjørn.

Torbjørn som den siste tida har vore på storsildfiske ved Arnøya utanfor Tromsø, har teke ulike vaksinetypar, og har ikkje hatt noko form for biverknader etter dei to første dosane.

Også Malin Vie tok oppfriskingsdosen på dagen 20 veker sidan dose to.

- Eg har venta på dette og følgd med på kva tid eg kan denne dosen. Eg bur i Bergen, men arbeider i Øygarden. Då passar det fint å ta den tredje dosen her, seier Malin.

Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, Juliane Jordhøy  (vernepliktig Haakonsvern) og Olivia Høst (vernepliktig Haakonsvern). - Klikk for stort bileteFrå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, Juliane Jordhøy (vernepliktig Haakonsvern) og Olivia Høst (vernepliktig Haakonsvern).   

Hjelp frå Forsvaret

På onsdag bidrog Forsvaret med tre medarbeidarar i Sotra Arena, eín lege og to vernepliktige. Kaptein Håvard Nielsen er til dagleg lege på Haakonsvern.

- Dette er første dagen min i Øygarden. Tidlegare har eg delteke i vaksinasjonsteamet i Askøy kommune. Dei som er usikre, har spørsmål, har tidlegare allergi eller underliggjande sjukdom, kjem gjerne til legen for konsultasjon, seier legen, som meiner at lokala her er svært gode for vaksinasjon.

Lege Håvard Nielsen frå Haakonsvern var eín av dei tre frå Forsvaret som bidrog i vaksinasjonen på onsdag.  - Klikk for stort bileteLege Håvard Nielsen frå Haakonsvern var eín av dei tre frå Forsvaret som bidrog i vaksinasjonen på onsdag. 

Juliane Jordhøy og Olivia Høst er vernepliktige på Haakonsvern og har denne dagen vore i observasjonslokalet. Der skal dei også vera i morgon torsdag, medan dei på fredag skal vera ved inngangspartiet og ta temperaturen på dei som skal vaksinerast.

- Alle er hyggelege, og det er eit godt miljø her, seier dei to.

Øygarden kommune har hatt stor nytte av personellet frå Forsvaret.

- Vi er takksame for at Forsvaret bidreg på denne måten. No håpar eg at så mange som mogleg vaksinerer seg. Dersom det har gått minst 20 veker sidan dose to, er det berre å møta opp, seier ordførar Tog Georg Indrevik.

Det er ledige timar torsdag 13. januar, medan det er så og seia fylt opp med timar fredag 14. januar.

- Det er likevel mogleg å møta opp til drop-in-vaksinering både torsdag og fredag denne veka, seier Maja Fjell Thomas i vaksinasjonsteamet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete