Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Elevar og barnehagebarn kan koma tilbake etter karantene

Prøvesvara på koronatestar på tre elevar på Ågotnes skule er negative. Fleire klassar og tilsette som var i mellombels karantene, kan dermed koma tilbake på skulen i morgon. Også prøven på tilsett i Skogsvåg barnehage var negativ.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Det inneber at fem tilsette og barna i ei avdeling i Skogsvåg barnehage kan koma tilbake i barnehagen frå tysdag.

På Ågotnes skule var seks klassar og 10 tilsette i mellombels karantene i påvente av prøvesvar.

Både dei føresette på Ågotnes skule og Skogsvåg barnehage er varsla om resultatet av prøvesvara og at elevar og barnehagebarna kan koma tilbake til skule og barnehage i morgon.