Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Eitt nytt smittetilfelle i Øygarden

Eín ny innbyggjar frå Øygarden har fått påvist koronasmitte måndag.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Smitten har skjedd i samband med utanlandsreise.

I sist veke (måndag til sundag) var det 596 personar i Øygarden som testa seg for koronaviruset. I løpet av sist veke var det påvist 10 smittetilfelle i kommunen.

Sidan mars er det påvist smitte hjå 300 innbyggjarar frå Øygarden.