Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Eín ny smitta person frå Øygarden

Det er i dag påvist koronasmitte hjå eín ny person frå Øygarden.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

I går meldte vi at eín utanlandsk statsborgar hadde fått påvist smitte. Dette fører til at 19 personar vert sett i karantene. Personane er knytt til ei innleigd bedrift på Ågotnes. Alle dei 19 personane som er sett i karantene, skal gjennomgå ny testing.

Så langt har 120 personar frå Øygarden fått påvist koronasmitte. Pr. i dag er ni personar framleis i isolasjon på grunn av smitte.