Eín elev smitta på ungdomsskule - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Eín elev smitta på ungdomsskule

Eín elev på Fjell ungdomsskule har fått påvist koronasmitte.

Fjell ungdomsskule - Klikk for stort bileteFjell undomsskule 

Rektor Bente Kleppe Lervik opplyser at elevane i eín klasse på niande trinn og ein valklasse på niande trinn må testa seg som følgje av smittetilfellet. Dei fleste elevane vil testa seg på sundag. Desse må vera i karantene inntil det venteleg ligg føre svar på prøvane på måndag.

Dei elevane som testar negativt, har ordinær undervisning. Elevane må ta to ytterlegare  testar i løpet av neste veke.

Også nokre av dei tilsette må ta test.

Det er påvist fire smittetilfelle i Øygarden laurdag.